Sommarslaget startar opp tysdag 28. april med individuelt frammøte.
All påmelding i Golfbox.
Tee-tid for den enkelte blir sett opp i golfbox og det vert 5 minutt startintervall mellom gruppene.
Fyrste gruppe går ut kl. 1800. Bana blir sett opp slik at rundane blir hcp-teljande.
Møt opp i god tid, slik at vi ikkje treng å vente på deg 🙂
Sjå Golfforbundet sine retningsliner for å begrense koronasmitte ved bruk av golfanlegg, samt våre plakatar om det samme!
For ytterligare opplysningar/hjelp kontakt Frode 91883932.
- Maks 5 personar på rangen samtidig
- Alltid minst 2m mellom personar
- Som alltid – ikkje lov å plukke opp ballar ute på rangen
- Bruk posar i staden for korger
- Følg elles, til ein kvar tid råd frå FHI, og regelverket frå Golfforbundet som er vist på range og på hol 1.
Hei alle
vi ynskjer at du møter opp for rakedugnad laurdag 18. april kl.10.00 om du har lyst og mogelegheit.
Behovet no er å få vekk kvister mm frå bana slik at bana framstår skikkeleg bra no til våropninga.
Fint om du tek med eiga rive – om du ikkje har kan de plukke kvistar for hand med hanskar.
Kjekt om flest mogeleg tek seg eit par timar saman – takk og vel møtt
Baneansvarleg
Tore Henning Naustdal