Påmelding i Golfbox
Møt opp i god tid – minst ein halv time før for registrering mm

Vinnarar av Skramlebytta er Bjørn Lien – Marit Brennodden og Tore Naustdal – Dei vann på ny rekord, 54 slag, som er 10 under bana sitt par. Veldig sterkt! Gratulerer😊🏌️‍♂️. Det var 7 lag og 23 deltakarar på turneringa. Vi gratulerer !

 

Lukke til med ein god sesong og kos dokke på Stokkenes – husk Coronareglar

Nordfjord GK inviterer dei som tidlegare har spelt golf.

På tide å friske opp att golfsvingen ? – vi tilbyr oppfrisking av spel og reglar som eit gratis tilbod

Kontakt Agnar Kvalsund på telefon 92037960

Sommarslaget startar opp tysdag 28. april med individuelt frammøte.

All påmelding i Golfbox.

Tee-tid for den enkelte blir sett opp i golfbox og det vert 5 minutt startintervall mellom gruppene.

Fyrste gruppe går ut kl. 1800. Bana blir sett opp slik at rundane blir hcp-teljande.

Møt opp i god tid, slik at vi ikkje treng å vente på deg 🙂

Sjå Golfforbundet sine retningsliner for å begrense koronasmitte ved bruk av golfanlegg, samt våre plakatar om det samme!

For ytterligare opplysningar/hjelp kontakt Frode 91883932.

https://www.golfforbundet.no/assets/ngf/files/klubb/organisasjon/korona-regelmodifiseringer-hcp-tellende-selskapsrunder.pdf

  • Maks 5 personar på rangen samtidig
  •  Alltid minst 2m mellom personar
  •  Som alltid – ikkje lov å plukke opp ballar ute på rangen
  •  Bruk posar i staden for korger
  •  Følg elles, til ein kvar tid råd frå FHI, og regelverket frå Golfforbundet som er vist på range og på hol 1.

 

Hei alle

vi ynskjer at du møter opp for rakedugnad laurdag 18. april kl.10.00 om du har lyst og mogelegheit.

Behovet no er å få vekk kvister mm frå bana slik at bana framstår skikkeleg bra no til våropninga.

Fint om du tek med eiga rive – om du ikkje har kan de plukke kvistar for hand med hanskar.

Kjekt om flest mogeleg tek seg eit par timar saman – takk og vel møtt

Baneansvarleg

Tore Henning Naustdal

Opprinnelig var planen å innkalle til dei tradisjonelle vår-dugnadane denne veka men slik

situasjonen er no kan vi ikkje kalle inn til dugnad på eit fastsatt tidspunkt.

Dette for å unngå for stor ansamling av folk.

Vi legg heller opp til dugnadsarbeid på sjølvbestemt tidspunkt.

Det må først og fremst rakast/plukkast kvist frå fairwayane og spesielt rundt greenane.

Du ta med eiga rive heima ifrå.

Det vil kome fleire arbeidsoppgaver etter kvart.

Håpar mange kan bidra litt og vel møtt😊

Vennlig hilsen

Tore Henning Naustdal

Baneansvarleg Nordfjord GK

Tel:47902639

Årsmøte Nordfjord Golfklubb 2020

Årsmøteinnkalling_NGK_2020

Årsmøteinnkalling_SGP_2020

Årsmøtet vert halde på Nordfjord Hotell, torsdag 06.02.2020, kl. 18.00

Etter møte vert det sosialt samvær med mogelegheit for å prøve golfsimulator.

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden
  2. Val av møteleiar, referent og to medlemar til å skrive under protokollen.
  3. Styrets årsmelding 2019
  4. Rekneskap 2019 og budsjett 2020
  5. Regulering av kontingent, greenfee, årskort
  6. Val av leiar
  7. Val av styremedlemar, varamedlemar og komitémedlemar
  8. Eventuelt.

 

 

Nordfjordeid, 21. januar 2020

 

………………………………………………..                                          ……………………………………….

Joar Sæten, sign                                                                    Kent Tryggestad, sign

-sekretær-                                                                              -styreleiar-

Årsmøtet vert på Nordfjord Hotell – 06. februar – innkalling kjem