Dato for årsmøtet er satt til 04. februar 2021- innkalling kjem

- All booking skal gå føre seg på Golfbox .
- Registrer namn på alle som skal spele.
- Alle som skal spele skriv seg inn i eiga bok i resepsjonen.
- Alkohol er forbode på Hemsen, det same gjeld med brakt mat og drikke.
- Dersom du vil ha kaffi eller anna å forfriske deg på, betalar du for dette i resepsjonen.
- Det er viktig at du les instruksane for av og pålogging, og gjer dette på rett måte.
- Husk alltid å rydde opp etter deg og sprite overflater du tek på, hender før og etter at du har spelt.
- Det skal vere max 4 personar som oppheld seg i rommet.
- Dersom timen før ein skal spele er ledig, kan ein møte litt tidlegare for å logge sg inn etc.
- Alle tek med seg ny rein ball og bruker denne. Spel ikkje på same ball.
- Det er ikkje lov å legge seg inn på andre sine tider i Golfbox. Dette skal i i dette høve avklarast med den som har tinga tid fyrst.
- Årskortet gjev deg rett til å spele 2 timar pr.dag. Spelar ein utover den tida, gjeld spelesatsar for junior og senior.
Nordfjord Golfklubb inviterer alle medlemer til årsavslutning på Nordfjord Hotell 21.11 kl 1900
Det vert og arrangert konkurransar i shufflelboard, dart og biljard!
Hotellet har sett opp 2 ulike mat alternativ, der vi kan velje eit samla alternativ for gruppa
Alternativ 1:
Braiserte oksekjakar servert med potetpure, rotgrønnsaker og raudvinsaus
Brownie med gnache
Kr 410,- pr person
Alternativ 2:
Biff med sopp, brokkoli, saltbakte poteter og raudvinsaus
Lun eplekake med vaniljekrem
Kr 460,- pr. person
Klubben sponsar kvar middag med kr. 100,-, slik at prisane medlemene betalar blir kr. 310,- og 360,-
Gi tilbakemelding om du vil vere med til post@norgolf.com eller sms til 91360535 innan 09.11
Gje og melding om matalternativ 1 eller 2
Det vert nattgolf onsdag 28.10 kl. 17.30.
Påmelding i Golfbox
Dei som er påmelde frå før står på lista . Vil du ikkje være med kan du slette deg frå påmeldingslista
Sportskommiteen
Vi spelar stabelford, og so premierar vi og den som har ferrast slag. Det kostar kr. 300 totalt. Det inkluderar ein sjølvlysande ball som du får og tek vare på til neste nattgolf. Vi prøver å ha litt varme pølser og nysteikte vafler. Velkomen til ein sosial og morosam kveld.

https://tourentry.golfbox.dk/?cid=2667886
Vi arrangerer Klubbmeisterskap NGK og inviterer til turnering – påmelding innan 29.08 kl. 20.00 i Golfbox – bana er såleis stengt for andre denne dagen fram til ca kl. 16.00
Vi arrangerer Maurstad Open turnering og inviterer til turnering – påmelding innan 15.08 kl. 20.00 – bana er såleis stengt for andre denne dagen fram til ca kl. 16.00
Simulator på Nordfjord Hotell er no opna etter å ha vore stengt sidan 12. mars.
Bestilling av tid via Golfbox og husk:!
- Registrering og betaling i resepsjonen
- Vask hender og utstyr
- Bruk berre eige utstyr
- Følg smittevernreglane
MATCHPLAY
Påmelding til turneringa i Golfbox
Startkontigent er 200 NOK per deltager. Junior kr 100. Betalast ved oppmøte ved første match.
Turneringa er en individuell matchspelkonkurranse. Det er ei samla klasse. Valgfri tee.
Det spelast over fire rundar;
- – 1.runde (16 spelarar)
- – Kvartfinalar (8 spelarar)
- – Semifinalar (4 spelarar)
- – Finale (2 spelarar)
Vi spelar matchspel med 3/4 sh over 9 hol pr runde.
Det spelast med maks. tillatt handicap på 36,0. Dvs. at du kan ha 54 i hcp, men får tildelte slag tilsvarende 36.
Korleis rekne ut spelehandicap?
Eks:
- Spelar 1 har 13 tildelte slag over 9 hol. Spelar 2 har 7 tildelte slag.
- Spelar 1 mottar (13 x 0,75) 9,75 slag. Rundast opp til 10 slag.
- Spelar 2 mottar (7 x 0,75) 5,25 slag. Rundast ned til 5 slag.
- Forskjellen på spelar 1 og 2 er 5 slag.
- Spelar 1 vil da få tildelt 5 slag, som skal fordelast på hola med lavast index.
Uavgjort runde blir avgjort med omspel på hol 9. Dersom likt resultat her vinn spelar med innspel nærast flagget.
Turneringa blir gjennomført på følgande måte:
Første runde, som er seeda, blir offentliggjort omgåande etter siste påmeldingsdag. Det blir sendt epost til deltakarane som inneheld parsammensetningar og frist for spel. Spelar med lavast handicap tar kontakt med motstander for avtale om spel, men begge er ansvarlige for gjennomføring. Dersom spelar ikkje møter til avtalt tid vinn den frammøtte på walk over.
Etter kvar match sender spelar med lavast hcp beskjed om resultatet til Frode. Få med resultatet og (eks. 3&2).
Vi minner om at det i matchspel er lov å «gje vekk» hol hvis du ser at du ikkje kan vinne det aktuelle holet.
Reglar for matchspel er annleis enn for slagspel, så det kan være en fordel å sjå gjennom kva forskjelar dette er.
Golfklubben oppmodar alle medlemer å ta med vener og kjende til Stokkenes Golfpark. Bruk gjerne rangen, men det er og lov å ta med personar på bana. Vi har oppretta ein Introduksjonsgreenfee som kan nyttast inntil tre gongar. Denne er halvparten av ordinær greenfee, og er lagt inn på Vipps. Betal før de går ut – Lykke til!