Endringar i sommarslaget i år:
I år blir det ei lita endring i sommarslaget. Det vil som vanleg spelast stableford, men i tillegg innførast ei ny klasse med slagspel på tvers av alle klassane.

NordVest Tour 2025:
Det blir også arrangert NordVest Tour igjen i år! Deltakande klubbar er:

  • Volda golfklubb
  • Sunnfjord golfklubb
  • Sunnmøre golfklubb
  • Nordfjord golfklubb
  • Finale i Ålesund golfklubb

Det vil spelast både stableford og slagspel under touren. Håpar så mange som råd vil melde seg på – bli med og skap stemning!

For meir informasjon og datoar, sjå den offisielle terminlista.

I morgen, 11/4, opnar vi bana for spel på sommargreenar!

Vi oppfordrar alle som skal spele hos oss til å booke time i Gimmie-appen.

Det er viktig at alle bidreg til å holde bana fin. Husk derfor å:

✔ Legge på plass divoter (jordklumper)
✔ Reparer nedslagsmerker på greenene

Det tar lita tid, men betyr mykje for bana – og for dei som jobber hardt for å vedlikehalde den heile året. Tusen takk for at du rydder opp etter deg!

Turneringar for 2025 er lagt ut under Nordfjord Golfklubb – Terminlister

Driving rangen er frå i dag open. Vi vil opne bana for spel fredag 11.april.

Vi inviterer til nytt kurs i Vegen til Golf (VTG) torsdag 24.april, kl. 17.00 på Stokkenes Golfpark – møt opp ved garasjen.

For påmelding eller anna info kontakt Øystein Kolseth – Telefon 920 37 960.

Pris kr.1600 for barn og kr.3200 for voksne. Det inkluderar medlemskap i Nordfjord Golfklubb og fri spelerett for ein sesong på Stokkenes Golfpark.

Klubben har som målsetning om å opne bana fredag 11. april.

For å klare dette må vi ha stordugnadar, tysdag og onsdag, 01. og 02. april  – 17:00 – 19.30

Ta med plenrive og godt humør 🙂

Vi håper mange vil møte

Banekommitéen

Invitasjon til årsmøter på Nordfjord Hotell 05.02.2025 kl. 18.00

Årsmøteinnkalling_NGK_ 2025

Årsmøteinnkalling_SGP_ 2025

Som en liten gest for fantastisk dugnadsinsats gjennom sesongen, inviterer klubben til 2 retter middag på hotellet etter årsmøtet. Den enkelte dekker drikk sjøl. Håper mange har anledning til et sosialt samvær etter årsmøtet. Helsing styret

 

Vel møtt 🙂

Nytt Vegen til golf kurs (VTG)

Det vert vegen til golf kurs tirsdag 09.07,  kl.16.30-19.30 og onsdag 10.07,  kl.16.30-19.30. Oppmøte på Stokkenes Golfpark begge dagane. Påmelding til e- post: nordfrode@gmail.com. og sms til : 91883932

Pris kr.1600 for barn og kr.3200 for voksne. Det inkluderar medlemskap i Nordfjord Golfklubb og fri spelerett for ein sesong på Stokkenes Golfpark.

Velkomen til Nordjord Golfklubb.

Nytt Vegen til golf kurs (VTG)

Vi startar opp VTG tirsdag 18.06.24 kl.18.00- 21.00 på Stokkenes Golfpark.

Påmelding kan skje til meg på sms til 918 83 932 eller til min e- post nordfrode@gmail.com 😊.

Sjå og Kurs – Nordfjord Golfklubb (norgolf.com)